Eidsbugarden

 

 Velkomen til Eidsbugarden - det tradisjonsrike Eidsbugarden hotell ligg vakkert til i vestenden av Bygdin, midt i hjarte av Jotunheimen. Dette er overnattingsstaden for deg som ynskjer ein heilt unik opplevelse midt i den norske fjellheimen.

 

Eidsbugarden hotell har ei lang historie som overnattingsstad og dette har me prøva å teke vare på både i interiør og atmosfære. Målet er å gje gjestene våre ein opplevelse ulik det dei finn nokon annan stad når dei besøkjer hotella våre. Me ynskjer å vera ein stad der gjestene blir teke godt vare på og der dei kan føle seg som heime. Ein stad der nytelse, varme og gjestefriheit står i høgsete. Ein stad der ein ynskjer å koma attende til, gong på gong.

 

Eidsbugarden ligg midt i Jotunheimen og er omringa av mektige totusenmeterstoppar på alle kantar. Me ynskjer at Eidsbugarden hotell skal bli hugsa som staden der du utfordra deg sjølv og der du prøva noko nytt. Målet er at gjestene våre skal få oppleva kva for glede det gjev å utfordre seg sjølv og naturen på ein sikker måte. Med dette i tankane vil me lata Eidsbugarden vera ein base for ei rekkje ulike aktivitetar og kurs som vil lære deg å oppleva fjellet frå andre perspektiv og innfallsvinklar.
Booking Veibeskrivelse Webside TripAdvisor